Styremøte i Iveland idrettslag

Tid og stad:         Onsdag 24. februar 2010 kl. 18.30 – 19.00.

Tilstades:            Reidar, Unni, Evelyn, Kåre, Torstein , Arnulf, Rune (Fossli) for Yngvar og Marit.

 

Saksnr.                 Sak og vedtak                                                                                                 Ansvarleg

 

2010/04               Utstyr til Frøysaa-anlegget.

No er anlegget ferdig bortsett frå noko arbeid som står att inne – og noko rydding

ute.  – Men det  manglar utstyr til friidretten.  Legatet etter Bjarne Dalane skulle ikkje

 brukast til utstyr.  Det er dessutan brukt opp.  Teknisk seier at det ikkje er noko å

henta der. 

Torstein har fleire gonger tatt opp behovet for å kjøpa inn utstyr.  Når me no har fått

det flotte anlegget må det også koma utstyr slik at anlegget kan bli brukt. 

Vedtak:  Leiaren i idrettslaget og leiaren i friidrettsgruppa tek eit møte om dette med

ordførar og rådmann.