Årsmelding for Iveland Idrettslag 2009.

Desse har vore med i styret:

Leiar: Reidar Håvardstad

Nestleiar: Unni Homme

Kasserar: Iveland Regnskapslag/Evelyn Honnemyr

Sekretær: Marit Fjordheim

Leiarar i særgruppene har vore:

Fotball: Kåre Åsen

Friidrett: Torstein Bærheim

Ski: Yngvar Bakken

Sykkel: Arnulf Bærheim

Idrettslaget har 221 betalande medlemmer.

Det har i 2009 vore 5 styremøte og som har behandla 45 saker.

Av sakene kan nemnast:

Klubbutvikling: Saman med ein rettleiar frå Aust Agder Idrettskrets, Tore Flottorp, har idrettslaget hatt ein prosess der ein har sett på korleis klubben vert driven idag og korleis han kan utviklast vidare. Det resulterte i ein handlingsplan med konkrete tiltak. Det er planlagt ein oppfølgingskveld hausten 2010.

Frøysaa-anlegget: Det har vorte arbeidd vidare med oppgraderinga av Frøysaa-anlegget dette året. Teknisk i kommunen har gjort ein stor jobb her. Det står att noko arbeid inne.

Ogge Triatlon vart arrangert for 5. gong den 23. august som eit samarbeidsprosjekt mellom laget, gjesteheimen og kommunen. Det var ein kald dag, likevel stilte 93 til start. Også i år vart det eit vellukka arrangement som fekk god medieomtale.

Berefjelløpet vart avvikla for 20. gang, i februar med 105 deltakarar. Knut Ivar Mjåland ogJohn Rune Håverstad fekk 20 årspremie.

Driftstilskot frå kommunen: I dette årets budsjettbehandling vart laget v/skigruppa tilgodesett med kr. 30.000,- i driftstilskot. Forventningane frå kommunen er at pengane går til å drifte og vedlikehalda lagets utstyr for oppkjøring av skiløyper og at laget sørgjer for at aktuelle skiløyper i kommunen er tilgjengelege for allmennheten. Avtalen gjeld frå 01.01.2010 og inntil vidare.

Nytt i år er at det også vert kjørt opp løype i vestbygda i tillegg til lysløypa på Vatnestrøm.

Lagerbygg Vatnestrøm: Idrettslaget har arbeidd for å få opp eit bygg slik at ein kunne få scooter og tråkkemaskin under tak. Den summen kommunen hadde løyvd til dette,viste seg å vera for liten. No har likevel kommunen tatt ansvar for å få opp eit bygg til dette føremålet i løpet av 2010.

Grasrotandelen: No er Iveland idrettslag registrert i Grasrotandelen og det har kome inn nokre tusen kroner.

SKIGRUPPA.

Det har vore god aktivitet i skigruppa. Det var ein god snøvinter, så det meste av treninga gjekk føre seg på ski. Det har vore trening ein gong i veka i lysløypa på Vatnestrøm med 10-12 deltakarar. Det har vorte avvikla to klubbrenn i lysløypa.

Kathrine Håverstad har representert laget i fleire renn utanfor klubben.

FRIIDRETTSGRUPPA.

Gruppa har hatt god aktivitet når det gjeld treninga i Hallen. Det har vore nærmare 40 born og unge på treningane.

Kristine Berge har deltatt på stemne utanfor klubben. Ho har markert seg godt på landsbasis.

FOTBALLGRUPPA.

Fotballgruppa har hatt med 85-90 spelarar fordelt på 5 ulike lag i seriespel. Det er seniorlag 5. div., damelag, jente 16 år, blanda lag 10 år og 13år. 12 personar har deltatt som trenarar, oppmenn og styremedlemmer.

Senior herre endte på 5. plass av 9.

SYKKELGRUPPA

Den mest aktive delen av sykkelgruppa består av 5 personer. Dei har har deltatt på mange ritt og gjort det bra. I tillegg har gruppa trening for dei over 10 år. Sykkelgruppa er, saman med skigruppa arrangør for Ogge Triatlon.